Høyring av nye kulturmiljø av regional interesse 2024 - Tillegg til regionalplan for kulturmiljø 2023-2035

Rogaland fylkeskommune har lagt forslag til supplering av regionalplan for kulturmiljø med ei rekkje nye kulturmiljø på høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist er 31. januar 2025.

Den gamle kraftbygda Flørli er eit av kulturmiljøa på høyring.

Kulturmiljø av regional interesse er ein sentral del av regionalplan for kulturmiljø 2023-2035. Rogaland fylkeskommune sender med dette ut forslag til supplering av regionalplan for kulturmiljø med ei rekkje nye kulturmiljø på høyring og offentleg ettersyn. Høyringa skjer i samsvar med plan- og bygningsloven §8-3. 

Vedtak om høyring er gjort i fylkesutvalet 26.11.2024 (sak 200/2024). Se saksliste i fylkeskommunens møtekalender.  

Rogaland fylkeskommune inviterer aktuelle myndigheiter og andre aktørar til å uttala seg til det framlagte forslaget om nye kulturmiljø.  

Frist for høyringsinnspel 

Uttale til planen skal sendast til: firmapost@rogfk.no  

Merk emnefeltet med: «Høyring av nye kulturmiljø av regional interesse - Regionalplan for kulturmiljø»  

Høyringsfrist: 31. januar 2025 

Kva er på høyring? 

Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035 vart vedteken av fylkestinget 13. juni 2023, sak 77/23. Som del av planen vart det utarbeidd ei oversikt over kulturmiljø av regional interesse. Oversikta er det viktigaste kunnskapsgrunnlaget fylkeskommunen har i forvaltinga av regionale kulturmiljøinteresser, som er eit viktig fylkeskommunalt ansvar. Regionalplanen legg opp til at denne oversikta skal oppdaterast og endrast i planperioden, gjennom politiske prosessar og høyringar. 

Det er 56 kulturmiljø på høyring. Dei nye kulturmiljøa som blir foreslått innlemma er i hovudsak kulturmiljø i Sandnes kommune, men det er og kulturmiljø i fleire andre kommunar.  

Kva ynskjer fylkeskommunen uttale til? 

Vi ynskjer særleg tilbakemelding på dei nye kulturmiljøa, både til skildring, omfang og vurdering.  

Fylkeskommunen ynskjer særleg innspel frå kommunane, musea, statlege og regionale aktørar, regionale frivillige organisasjonar og ulike interesseorganisasjonar.   

Regionalplan for kulturmiljø 

Dei foreslåtte endringane må vurderast i samanheng med resten av Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035.  

I Regionalplan for kulturmiljø 2023 - 2035 ligger informasjon, mål og retningslinjer for bevaring og bruk av kulturmiljø i Rogaland. Sjå særleg til kapittel 7 som gir bakgrunnsinformasjon for oversikten og like eins til planretningslinjene i kapittel 8.  

Artikkelen Ei kulturhistorie for Rogaland er vedlegg til planen, og historia er eit kunnskapsgrunnlag for oversikt over kulturmiljø.  

Den gjeldande oversikta over kulturmiljø av regional interesse inneheld 245 vedtekne kulturmiljø og landskap, og er tilgjengeleg i Temakart-Rogaland. Dei foreslåtte nye kulturmiljøa kjem som tillegg til den vedtekne oversikta.  

Oversikt over regionalplan for kulturmiljø, bakgrunn og prosess kan de lesa på nettsidene til Rogaland fylkeskommune 

Informasjon

Dersom din organisasjon ynskjer ein presentasjon, eit møte, eller har andre spørsmål, kan de ta kontakt med prosjektleiar Kristian Valen.