Plan for fylkesveg 46 Skipavåg – Iglatjørn på høyring

Frist for å kome med merknad er 30. august.

kart som viser hvor veien skal bli utbedret - Klikk for stort bilde

Detaljregulering for fylkesveg 46 Skipavåg-Iglatjørn i Vindafjord og Suldal kommune er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn PLAN-ID 1160_202202 og 1134_202201.

Føremålet er å utbetre dagens veg for betre bilferdsle på den om lag 3 kilometer lange strekninga mellom Skipavåg og sør for Iglatjørn. Det er planlagt to nye tunnelar. Skipavåg-bygda vil berre ha tilkomst til ny fylkesveg frå nordvest. Det er regulert naudsynt sideareal som mellombels bygge- og anleggsområde. 

Vi ber om at grunneigarar gjev dette varselet vidare til eventuelle leigetakarar, og dei som bygslar eller har heimel på eigedomen.

Her finn du planbeskriving, plankart, føresegner og fagrapportar

Informasjonsdag

19. august på Imsland bygdahus i Ølmedalsvegen 2 klokka 14.00 – 18.00. Då gir vi meir informasjon og svarer på spørsmål.

Slik kan du bidra

Dersom du har relevante innspel, merknader eller opplysningar til planen kan du sende disse til Rogaland fylkeskommune i eit elektronisk skjema.

Her kan du kome med merknad 

Du kan også sende merknader til planarbeidet på e-post til firmapost@rogfk.no, eller med post til Rogaland fylkeskommune, postboks 130, 4001 Stavanger.

Frist for å sende inn merknad er 30. august 2024. Merk sendinga di med saksnummer 2021/96, samt fullt namn og adresse.

Vi svarer ikkje på innkomne merknader direkte, men samanfattar og kommenterer dei som ein del av det vidare planarbeidet. Merknadene vil saman med våre kommentarar følgje saka vidare til den politiske handsaminga av planforslaget. Vi gjer merksam på at alle merknader i utgangspunktet blir tilgjengeleg for allmenta.

Kontaktinformasjon

Lurer du på noko kan du ta kontakt med planleggingsleiar Aage Steen Holm i Rogaland fylkeskommune på telefon 943 59 670, eller på e-post aage.steen.holm@rogfk.no.    

Planprosessen

Dette varselet er gjeve med heimel i plan- og bygningslova § 3-7, 3. ledd og § 12-10. Planprosess etter plan- og bygningslova § 3-7 betyr at Rogaland fylkeskommune sender planen direkte på høyring og offentleg ettersyn utan politisk behandling. Deretter justerer fylkeskommunen planen etter høyringsinnspel før den sendes til politisk behandling og sluttvedtak i Vindafjord kommune. Planen er konsekvensutgreia.