Seks søkarar får 23 millionar

Marin Energi Testsenter, Maritime CleanTech, Ryfylke IKS, Rosenberg Worley, Årdal Aqua og Universitetet i Stavanger får i overkant av 23 millionar frå Ulla-Førrefondet.

Bilde av Ulla-Førrefondets styre - Klikk for stort bildeUlla-Førrefondets styre, fra venstre Elin Schanche, Torkel Myklebust, Asle Rafdal, Ove Jølbo og Kjetil Harestad

Ulla-Førrefondet skal gje økonomisk støtte til prosjekt som omfattar grøn omstilling av næringsliv og utvikling av høgare utdanning i Rogaland. Til Ulla-Førrefondets utlysing for 2022 blei det sendt inn 27 søknadar til søknadsfrist 1. september.

Nyskapande prosjekt

Søknadssum var totalt i overkant av 180 millionar kroner, og kvaliteten på søknadane er samla sett svært høg. Det er generelt god geografisk spreiing knytt til søkjarar. Tematisk er det også god spreiing, med ei hovudvekt på søknadar som er relatert til havindustrien og fornybar energi.

– Det er positivt at vi gjennom årets utlysing kan innvilga støtte til nyskapande prosjekt av svært høg kvalitet, som vil vere viktige bidrag til grøn omstilling, verdiskaping og auka sysselsetting i Rogaland. Det er oppløftande å sjå den store omstillingsevna blant næringsliv og offentleg sektor i Rogaland, seier Torkel Myklebust, styreleiar i Ulla-Førrefondet .

Desse får støtte

I sitt styremøte 22. november har følgjande seks prosjekter fått innvilga støtte:

Marin Energi Testsenter AS:
Får tre millionar kroner til “Havvind Vest: Eit målretta program for industriomstilling” 

Prosjektet skal etablera eit program der Marin Energi Testsenter aktivt skal jobba for at regionale leverandørbedrifter skal få utført referanseprosjekt innan havvind.

Maritime CleanTech: 
Får 2,49 millionar kroner  til “EU-mobilisering for grøn omstilling av skipsfarten”.

Prosjektet skal bidra til grøn omstilling av næringslivet i Rogaland, ved å sikre fleire aktørar EU-finansiering til å utvikla grønare skipsfart. 

Ryfylke IKS:
Får fem millionar kroner til “Ryfylke: Utdanningssenter og havbruksutdanning”.

Prosjektet skal etablera eit utdanningssenter for høgare utdanning i Ryfylke, og som ein del av dette tilbodet oppretta ein bachelorgrad i havbruk.

Rosenberg Worley AS:
Får 5,4 millionar kroner til “Flex2power”.

Konseptet skal produsera fornybar energi frå vind, bølger og sol på same flytande fundament ute i havet.

Årdal Aqua AS:
Får 5,015 millionar kroner til “Sirkulærøkonomisk industriklynge”.

I prosjektet skal det gjennomførast ein forstudie for etablering av ein fullverdig sirkulær industriklynge i Årdal i Hjelmeland kommune.

Universitetet i Stavanger:
Får tre millionar kroner til “Senter for havbruksteknologi: Nye grøne verdikjeder for havbruk”

Prosjektet skal resultera i eit felles senter for havbruksteknologi for næring, offentleg sektor og forskingsaktørar.

Styret i Ulla-Førrefondet

Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune. Ulla-Førrefondets sekretariat har kontoradresse hos Rogaland fylkeskommune.

Meir informasjon om Ulla-Førrefondet