Bærekraftstempel til Sauda vidaregåande skule

Sauda vidaregåande skule er no ein av 14 miljøfyrtårnsertifiserte skular i Rogaland.

Mennesker som holder en plakat. Foto - Klikk for stort bildeSauda vgs vert sertifisert som Miljøfyrtårn. Frå venstre: hovedverneombod, administrasjonsleiar, rektor, Asbjørn Birkeland (Ordførar Sauda Kommune), driftsleiar og Roger Birkeland (konstituert kommunalsjef næring og samfunn). Lisa Jane Stornes

24. mai overrekte ordførar i Sauda kommune, Asbjørn Birkeland, diplom og plakett til skulen.

Sauda vidaregåande skule har sett i verk fleire miljøtiltak innan energiforbruk, avfallssortering, transportutslepp og tilrettelegging for sykling. Ved å tilby "Berekraftig utvikling" som eit tverrfagleg emne som skal inngå i alle fag der det er naturleg, har skulen óg forplikta seg til langsiktig arbeid med å betre miljøet.

Å vera miljøfyrtårnsertifisert inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Arbeidet skal bidra til auka merksemd og kunnskap om utslepp og miljøpåverknad frå eiga drift.

Les meir om fylkeskommunen sitt arbeid med Miljøfyrtårn