Frå nedlagd symjehall til møteplass for ungdom

Eit nytt ungdomstilbod i den nedlagde symjehallen til Harestad skule er blant dei 15 prosjekta som til saman får 2,8 millionar kroner i støtte for å skapa meir levande og attraktive tettstader og lokalsamfunn. 

Møbler i et tomt basseng. Foto - Klikk for stort bildeDenne symjehallen blir møteplass for ungdom Randaberg24

 

Regional-, kultur- og næringsutvalget (RKNU) vedtok 21. mars tildeling av støtte til stedsutvikling. Støtta er fordelt på dei to tilskotsordningane «Fylkestilskot til stadsutvikling» (1 659 000 kroner) og «Tilskot til attraktive tettstader i distrikta i Rogaland» (1 237 000 kroner). 

Tilskot til stadsutvikling

Eit av prosjekta som får støtte er kartleggjing av mogleg bruk av tre historiske bygg rundt Veveriet i Ålgård sentrum. Byggja er blant anna tenkt som møtestadslokale for barn og unge etter skuletid. Også Randaberg kommune får støtte til gjenbruk av gamle lokaler. I eit nedlagt symjebasseng har dei som mål å skapa eit unikt tilbod til ungdomar. 

Også formidling av kunst er blant prosjekta som får støtte. Log Prosjekt og Design AS får 150 000 kroner i støtte til å utplassere ei kunstutstilling av Maria Kulikovska ved sentrale møteplassar i Sokndal kommune. Utstillinga skal synleggjere lokalhistorie og identitet, samstundes som ho vis fram tilknytinga kunstnaren har til heimlandet Ukraina. 

Fylkestilskudd til stedsutvikling 2024
Søkar Tiltak Tildelt beløp i kroner
Bekkens Bestanddeler, Utsira ANS Vidareutvikling av Bekkens Bestanddeler, Utsira - del to 151 500
Byen vår Kopervik Kunsthistorie-formidling i bysentrum 52 500
Gjesdal kommune Gjenbruk av tomme sentrumslokale på Ålgård 145 000
Haugesund kommune Flotmyr bydel Haugesund 2024. Skapande møteplass. Gamle «Linjegodsterminalen» 150 000
Hjelmeland kommune Frå ord til handling Hjelmeland sentrum 130 000
Hjelmeland kommune Styrking av sentrum gjennom satsing på kunst, lokalmat, lokal kulturarv og tradisjonshandverk 120 000
Klepp kommune Middel til gjennomføring av Rogalandsmodellen 100 000
Log Prosjekt og Design As Art in Nature 150 000
Randaberg kommune Gjenbruk av gamle lokale 100 000
Sandnes kommune Stedsutvikling Hana lokalsenter 130 000
Sandnes kommune Moglegheitsstudie Gamle Vågsgjerd 150 000
Strand kommune Attraktive offentlege byrom i Jørpeland 150 000
Totalsum 1 659 000

Attraktive tettstader i distrikta i Rogaland 

Attraktive tettstader i distrikta i Rogaland (tettstadsprosjektet) er eit av tiltaka for å nå måla i Utviklingsplan for Rogaland (Regional planstrategi 2021-2024). Formålet med prosjektet er å auka livskvalitet og styrkja busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i distrikta. I årets tildeling er det Kvitsøy og Sokndal kommune som får støtte. 

Attraktive tettsteder i distriktene i Rogaland 2024
Kommune Tildelt beløp i kroner
Kvitsøy 537 000
Sokndal 700 000
Totalsum 1 237 000