Vennegjengen samlast kvar morgon for å ete frukost. Fra venstre: Kristina Olsen Birkeland, Christina Skourtsou Kasapi, Oda Førsvoll, Emma Stuwe-Hall og Karoline Eikenes.
Maren Ege Tjoflåt
– Vi et skulefrukost, fordi vi får meir energi før vi skal i gang med skulearbeidet. Dessutan er det eit sosialt møtepunkt for oss, seier elev på St. Olav vidaregåande skule, Oda Førsvoll.
– Dessutan er det mange som bur langt unna skulen. Derfor må vi uansett komme tidleg på grunn av busstidene. Då er det veldig greitt å ete på skulen, legg venninna, Emma Stuwe-Hall til.
Vennegjengen samlast kvar morgon for å ete frukost. På menyen står både havregraut, yoghurt, lappar og smoothie.
– Det er veldig populært. Vi har opplevd tilfelle der det er tomt for havregraut, seier Emma.
Flere elever bruker skulefrukosttilbudet.
Maren Ege Tjoflåt
Aukar livskvaliteten
Frå 2019 til 2022 har Rogaland fylkeskommune gjennomført fleire evalueringar av tilbodet om gratis skulefrukost. Den siste undersøkinga frå Ungdata Rogaland viser at 39 prosent av elevane nyttar seg av tilbodet. Funna viser òg positiv samanheng mellom dei som ofte et skulefrukost og dei som har med seg matpakke/et lunsj på skulen. Elevane har betre livskvalitet og ei positiv innstilling til livet. Dei trivst på skulen, og kjenner seg mindre stressa.
Marianne Chesak synes det er veldig hyggeleg å sjå at skulefrukostordninga treffer dei som treng det mest
Maren Ege Tjoflåt
– Det er veldig hyggeleg å sjå at skulefrukostordninga treffer dei som treng det mest og blir nytta godt av fleire elevar, sa fylkesordførar Marianne Chesak (Ap), under fylkesutvalet 29. november.
Ønsker å forlenge tilbodet
Med bakgrunn i tidlegare rapportar har fylkesdirektøren gjennom arbeidet med økonomiplanen anbefalt å sette av nye midlar for å vidareføre støtta til skulefrukostordninga under føresetnad av at funna frå undersøkingane blir teke med i vidare arbeid.
– Innstillinga er vedteken med 13 av 15 stemmer, sa Chesak etter avstemminga i fylkesutvalet.
Den endelege avgjerda kjem i fylkestinget den 13. og 14. desember 2022.