1,6 kilometer tryggare og betre veg opna i Sokndal

Torsdag 22. august var det offisiell opning av ny veg på fylkesveg 44 frå Prestbru til Bjånesbakken i Sokndal.

to personar held eit band ein mann kuttar bandet. fleire tilskuarar står i bakgrunnen - Klikk for stort bildeFylkesvaraordførar Svein Erik Indbjo kutta båndet for den nye vegen.

Med på markeringa var fylkesvaraordførar Svein Erik Indbjo, ordførar i Sokndal kommune Bjørn-Inge Mydland, Harald Bøhn leiar for eining prosjekt i samferdselsavdelinga og entreprenør Risa AS.

–Det er veldig mykje verdiskaping som skjer i samband med dette vegstrekket (Titania og Motor center Norway) og forhåpentleg meir i framtida. Den nye vegen gjer det mogleg å gjenbruka endå meir av den brukte naturen som er her oppe. Så sett i lys av det er det ikkje berre Sokndal kommune og lokalsamfunnet som vil dra nytte av denne investeringa, det er noko som resten av Dalane regionen og fylket kan dra nytte av òg, sa ordføraren i Sokndal Bjørn-Inge Mydland i talen sin.

Mann i dress kutter bånd og åpner vei - Klikk for stort bildeFylkesordførar Svein Erik Indbjo
Mann i dress og ordførerkjede forsyner seg av kake - Klikk for stort bildeOrdføraren i Sokndal Bjørn-Inge Mydland fekk det fyste kakestykket.

Auka trafikktryggleik og betre veg for tungtransport og annan trafikk

Det er to delstrekningar av fylkesvegen aust for Hauge som er utbetra, kvar av dei på omtrent 800 meter. Den midtarste delen av prosjektet vart bygd i 2016.

Delstrekning 1 går parallelt med den gamle fylkesvegen. Her var vegen utsett for flaum og var smal og svingete. Den nye vegen er laga for å tola flaum og har betre kryss og avkøyringar. Den gamle fylkesvegen langs elva er no ein turveg.

Delstrekning 2 har også betre kryss og avkøyringar, og omfattar nytt kryss ved innkjørselen til Titania og Motorcenter Norway, 800 meter ny veg og utbetring av delar av dagens veg. Overskotsmassar frå strekninga som vart bygd i 2016, vart brukt i denne delstrekninga, omtrent 40 000 kubikkmeter.

ny vei med sidevei til venstre - Klikk for stort bildeDet nye krysset inn til Titania og Motorcenter Norway.
dronefoto ny vei som går i en rett  - Klikk for stort bildeDelstrekning 2
ny vei med sidevei møt høyre - Klikk for stort bildeDelstrekning 2
ny vei med gammel vei ved siden av - Klikk for stort bildeDen gamle veien på høyre side, er nå gang og sykkelvei.
Ny vei med gammel vei ved siden av - Klikk for stort bildeDelstrekning 1 ved byggefeltet Åmodt.