Strandgata 125 blir flytta tysdag. Sjå gul sirkel til venstre i biletet.
Denne gongen er det Strandgata 125 som skal flyttast. Rogaland fylkeskommune må flytte sju hus og kappe to for å få plass til Bussveien i Strandgata.
Strandgata 125 blir flytta tysdag.
Strandgata 125 blir flytta med kran og lastebil. Huset blir løfta opp frå grunnmuren og heist til ein mellombels oppbevaringsplass. Huset som blir flytta denne gongen skal ikkje flyttast langt. Det skal lagrast på tomta ved sida av.
Unngår rushtrafikken
Arbeidet startar klokka ni onsdag morgon, og varer nokre timar. Det eine feltet i Strandgata er stengt, og trafikken blir dirigert forbi arbeidsområdet.
– Vi flyttar huset etter klokka ni, når den verste morgontrafikken er over, forklarer Bjørnar André Kleven, prosjektleiar for husflyttingsprosjektet i Rogaland fylkeskommune.
Flytta første hus i mars
Sju hus blir flytta for å få plass til Bussveien. Før Bussveien opnar blir husa sett tilbake, mellom 1,3 og i overkant av 6 meter lenger mot fjorden enn der dei opphavleg har stått. Det første huset blei flytta 3. mars i år. I tillegg har vi rive Altona-bygget, og vi er i gang med å kappe bygninga som blir kalla Simonsbakken.
Det er Klepp spesialtransport som flyttar husa for fylkeskommunen.