Gloppedalsvegen vil vera open i fellesferien

Arbeidet med å rydda og sikra fjellsida langs Gloppedalsvatnet held fram, men vegen vil vera open i veke 29,30 og 31.

– Det er dessverre vanskeleg anslå kor lang tid det tek å bli ferdig, på grunn av vêret og andre forhold. Fylkesveg 503 Gloppedalsvegen blir framleis stengd på dagtid måndag til torsdag mellom klokka 07.00 og 20.00, alle dagar vêret tillèt arbeid i fjellsida, seier Frode Reed byggjeleiar i Rogaland fylkeskommune.

Men Reed kan stadfesta at vegen blir open når entreprenøren er på ferie frå 15. juli til og med 4. august.  

Følg med i appen Vegvesen trafikk

For å få siste nytt om vegen tilrår Reed alle å lasta ned og sjekka appen Vegvesen trafikk. Der kan du sjå i eit kart kva vegar som er stengde og der det er vegarbeid. Trafikksentralen held appen oppdatert, og du kan sjekka om Gloppedalsvegen er open eller stengt før du køyrer. Du kan også velja ei rute eller eit område og be om å få varsel på mobilen om stenging og opning av vegar, kolonnekøyring og viktige hendingar.

 

 

app ikonet oransje - Klikk for stort bilde
Kart med stengt vei symbol - Klikk for stort bilde

 

Bilde av side i appen Vegvesen trafikk - Klikk for stort bildeVegvesen trafikk