Seks omkom i trafikken i Rogaland

I fjor mista seks personar livet i trafikken i Rogaland, mot ti i 2023. Totalt omkom 90 personar på norske vegar i 2024. Torsdag 9. januar minnes vi dei som omkom.

Mennesker som står i en sirkel med fakler - Klikk for stort bildeFakkeltog utanfor domkirken.

— Trafikkofras dag er ein viktig markering, og ei påminning om at vi må halde fram arbeidet med trafikksikkerheit. Vi har framleis store utfordringar i fylket vårt, og det er avgjerande å sikre ressursar til både infrastruktur og haldningsskapande arbeid. Vi har ingen å miste, seier May Helen Hetland Ervik, som er leiar for fylkestrafikksikkerheitsutvalet (FTU).

Statens vegvesen sine tal viser at det er 20 prosent færre drepte i trafikken i 2024 samanlikna med året før. Då var talet 110. Dette er det lågaste talet i moderne tid med unntak for koronaåret 2021 då 80 personar mista livet i trafikken.

– Men vi må vidare ned. Kvar ulukke er ei påminning om det systematiske arbeidet som krevjast for å nå vårt mål om null drepte og hardt skadde i trafikken, seier vegdirektør i Statens vegvesen, Ingrid Dahl Hovland.

Møte- og utforkøyringsulukker

Dei førebelse tala for 2024 viser at dødsulukkene særleg dreier seg om utforkøyringsulukker med 35 drepte og møteulukker med 33 drepte.

  • Motorsyklistar er betydeleg overrepresenterte i ulukkesstatistikken med 20 drepte. Det er like mange som i 2023.
  • 31 mista livet i personbil, mot 53 i 2023.
  • 4 mista livet på sparkesykkel mot ingen året før.
  • 6 syklistar omkom i trafikken. Det er like mange som året før.
Ei rekke med faklar langs ein veg - Klikk for stort bildeFakkelmarkering langs E39.

– Dei samla tala for 2024 viser likevel at utviklinga i tal på trafikkdrepte går i riktig retning. Det er eit teikn på at både trafikantane tar ansvar for å gjere vegane tryggare, og at det samla trafikksikkerheitsarbeidet verkar. Det er framleis altfor mange som mistar livet på norske vegar, og eg tenker på alle dei som har mista nokon. Bak kvart tal er det eit menneskeliv som er blitt reve bort frå familie, vener, kollegaer og klassekameratar. Desse ser vi ikkje i statistikken, men vi må ikkje gløyme dei, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ein nyheitsartikkel på nettsidene til Statens vegvesen.

Program for Trafikkofras dag 9. januar

15.00–17.00: Lysmarkering langs veg for ettertanke

Ein fakkel blir tent for kvar person som blei skadd i Rogalandstrafikken i 2024. Om lag 300 menneske blir skadd i trafikken i Rogaland kvart år. Under markeringa blir farten senka, og trafikantane får oppleve ei stille markering når dei køyrer forbi lysmarkeringa. Dette skjer i

  • Stavanger – på E39
  • Haugesund – i Karmsundgata
  • Egersund – i sentrum
  • Bryne – i Arne Garborgs veg
     


18.15–18.50: Fakkeltog til minne om trafikkoffera i 2024

Faklar blir utdelte før start til dei som ønskjer å gå i tog.

  • Stavanger – frå brannstasjonen (Lagårdsveien 32) til Stavanger domkyrkje
  • Haugesund – frå Rådhusplassen til Vår Frelsers kyrkje

 

19.00–20.00: Minnegudsteneste Stavanger domkyrkje og Vår Frelsers kyrkje i Haugesund

Biskopen inviterer særleg pårørande etter trafikkulukker, men minnegudstenesta er open for alle.
 

20.00–21.00: Kyrkjekaffi i kyrkjekjellaren og i menighetshuset

Alle er velkomne.

Ordførarar, politikarar og beslutningstakarar er inviterte for å vise si respekt. Hjelpemannskap og redningstenesta deltek i tillegg til ansvarlege etatar.

Trafikkofras dag er arrangert av fylkestrafikksikkerheitsutvalet (FTU) i samarbeid med Statens vegvesen, politiet, Trygg Trafikk Rogaland, NAF, Den norske kyrkja, Brannvesenet, Røde Kors Hjelpekorps, MA – Rusfri Trafikk, Norsk Folkehjelp, Personskadeforbundet LTN, Kåre Ekrene Trafikkskule, Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Mesta, Presis Vegdrift, Høiens Trafikkskule, Bilservice Egersund og Haugaland Transportskule.

 

Les nyheitssaka til Statens vegvesen 90 drepte i trafikken i 2024