Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035

6 Mål og strategiar

Det er formulert tre overordna mål for arbeidet med kulturmiljø i Rogaland framover:

  1. I Rogaland tek me vare på eit mangfald av kulturmiljø slik at spor frå heile historia om Rogaland, frå steinalder og fram til i dag, kan opplevast, brukast og gje kunnskap – no og i framtida.  

  2. I Rogaland har me god kunnskap om kulturmiljøa våre og korleis dei bidreg til å gje eigenart og identitet til stader og folk. 

  3. I Rogaland kan alle engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø. Me nyttar kulturarv og kulturmiljø til å skape trivsel, tilhøyrsle og unike opplevingar. 

Mål og strategiar skal me nå saman. Når me brukar «me» gjeld dette både fylkeskommunen og kommunane, statlege aktørar, frivillige kulturvernarar, musea, næringsliv, eigarar og alle andre som ynskjer å ta vare på - og bruke – den felles kulturarven vår. Det er likevel eit særleg ansvar for det offentlege å følgje opp planen.  

Til kvart av måla er det utforma strategiar som viser korleis me skal nå måla. I tillegg inneheld handlingsprogrammet (vedlegg) konkrete tiltak. Handlingsprogrammet skal rullerast kvart år, og tiltak kan bli endra eller lagt til. 

Ein grunnleggande føresetnad for å nå måla i planen, er at me lukkast med å etablere godt samarbeid med og mellom aktørane som er engasjerte i ulike former for kulturmiljøarbeid. Det handlar om å legge til rette for samhandling på tvers av forvaltningsnivå, fylkesgrenser og fagmiljø, men like viktig er det å skape gode møteplassar og samarbeidsformer mellom forvaltninga, fagmiljøa, private aktørar og frivillige lag og organisasjonar, samt høve til å delta når det kjem samarbeidsinitiativ frå andre.   

Rogaland fylkeskommune vil prioritere nye tiltak og utviklingsprosjekt der fleire aktørar går saman om planlegging, finansiering og gjennomføring, og der prosjekta bidreg til å nå måla i denne planen. 

Fylkeskommunen kan bidra med finansiering, men også ta rolla som koordinator, igangsetjar, deltakar og rettleiar. 

6.1 Mål 1: Mangfald

I Rogaland tek me vare på eit mangfald av kulturmiljø slik at spor frå heile historia om Rogaland, frå steinalder og fram til i dag, kan opplevast, brukast og gje kunnskap – no og i framtida. 

6.1.1 Strategi 1A - bevaring og utvikling

Bevare og utvikle eit utval kulturmiljø av ulike typar og frå alle historiske epokar. 

Kulturmiljø er ikkje-fornybare ressursar for kunnskap, opplevingar og bruk. Me skal sikre både autentisk bevaring og ansvarleg vidareutvikling av kulturmiljø. Gjennom å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø frå heile Rogalandshistoria, sikrar me tilgang til kjelder om fortida – for oss sjølve og for dei som kjem etter oss. 

Det er særleg to verkemiddel som kan brukast til å sikre kulturminne: Freding gjennom kulturminnelova og vern etter plan- og bygningslova. Alle kulturminne frå før 1537 er automatisk freda medan bygg og anlegg nyare enn dette, kan bli freda. Riksantikvaren eller statsråd vedtek freding av bygningar, mens kommunane utarbeider regulerings- og kommuneplanar etter plan- og bygningslova. Regionalplanen og fylkeskommunen er i ein mellomposisjon, gjennom å kunne bidra med kunnskap og råd til kommunal planlegging, og gje innspel til freding etter kulturminnelova.  

Frå Utstein kloster, tatt under Rikssamlingsjubileet i 2022. Foto - Klikk for stort bildeFrå Utstein kloster, tatt under Rikssamlingsjubileet i 2022. Trine Nessler Wichmann

Riksantikvaren er fredingsmyndigheit for bygg og anlegg nyare enn 1537, men dei fleste fredingssaker skjer no etter regionalt initiativ. Det er fylkeskommunen si oppgåve å førebu slike fredingssaker.  

Oversikta over kulturmiljø av regional interesse viser område som skal sikrast og blir ein sentral del av kunnskapsgrunnlaget når fylkeskommunen og kommunane skal vurdere framtidig forvaltning av kulturmiljø. Oppfølging av regionale planretningslinjer er ein sentral del av denne strategien. 

I tillegg utarbeider Riksantikvaren for tida nasjonale bevaringsstrategiar. Bevaringsstrategiane skal vera verktøy for å strukturere, samordne og organisere innsatsen for å nå dei nye nasjonale måla om engasjement, berekraft og mangfald, med særleg vekt på mangfaldsmålet. Eit overordna rammeverk skildrar bakgrunn, formål, struktur og oppbygging av bevaringsstrategiane, og skal vere førande for prioriteringane i bevaringsarbeidet. Dei tematiske bevaringsstrategiane er breie og skal dekkje eit stort spenn av kulturmiljø og ei stor tidsdjupne. Gjennom desse strategiane skal kulturminne, kulturmiljø og landskap takast vare på og nytta som ein ressurs for samfunnet, der kulturmiljøa sin verdi for miljømessig, sosial og økonomisk berekraft er synleggjorte. Oppfølging av desse strategiane blir også ein viktig del av det regionale kulturmiljøvernet i åra som kjem.  

Bevaring må balanserast opp mot moglegheitene for utvikling og bruk. God bruk og utvikling tek omsyn til miljøa sin eigenart og toleevne. Landskap og miljø som blir brukte, blir i større grad verdsette, og bruk aukar forståinga for at miljøet eller landskapet må bevarast. Samstundes kan auka bruk føre til auka slitasje. 

Oppsummering:

Me skal  

  • sikre og bevare kulturmiljø og -landskap av særleg regional og nasjonal interesse gjennom god planlegging, vern og forvaltning 
  • styrke fylkeskommunen si rolle som utviklingsaktør på kulturmiljøfeltet 
  • følgje opp regionale planretningslinjer i vidare statleg, fylkeskommunal og kommunal planlegging og verksemd.  
Restaurering av båt frå 1961. Foto - Klikk for stort bildeRestaurering av Rima 1 frå 1961. Rogaland fylkeskommune

6.1.2 Strategi 1B – eigarar og forvaltarar

Bidra til at eigarar og forvaltarar av kulturminne kan ivareta desse på ein god måte. 

Eigarar, frivillige og andre som restaurerer gamle kulturminne, arbeider for skilting og formidling eller bringer fram ny kunnskap om kulturmiljø, gjer ein viktig innsats som fellesskapet nyt godt av.   

Økonomiske tilskot  

Bevaring av kulturminne er kostnadskrevjande, og bevaring etter tradisjonelle og antikvariske metodar og prinsipp har ein meirkostnad samanlikna med moderne teknikkar og metode. Difor finst det lokale, regionale og nasjonale støtteordningar til slik istandsetting.   

Rogaland fylkeskommune administrerer følgande støtteordningar til istandsetting og sikring av kulturminne:    

  • tilskot til verneverdige bygg og anlegg (fylkeskommunale midlar) 
  • tilskot til fartøyvern (SAVOS) (50 % fylkeskommunale og 50 % statlege midlar) 
  • tilskot til fartøyvern (statlege midlar) 
  • tilskot til freda kulturminne (bygg og anlegg) i privat eige (statlege midlar) 
  • tilskot til tekniske og industrielle kulturminne (statlege midlar) 
  • tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen (statlege midlar) 
  • tilskot til brannsikring i tette historiske trehusområde (statlege midlar) 

Fylkeskommunen har gjeve støtte til restaurering av fartøy og bygg over eige budsjett i over 20 år. Gjennom desse ordningane har mange fått høve til å ta vare på eigne kulturminne, og ordningane har hatt god effekt i form av bevarte kulturminne, kompetanse i tradisjonshandverk og indirekte effektar for samfunnet kulturminna er i.  

I tillegg til støtteordningane fylkeskommunen forvaltar, er det fleire offentlege ordningar på statleg, regionalt og kommunalt nivå. Særleg kan følgande trekkast fram:   

Kulturminnefondet gjev støtte til istandsetting av bygg, anlegg, fartøy og rullande kulturminne. I 2021 vart det fordelt 11,5 mill. til 63 ulike prosjekt i Rogaland. 

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei statleg ordning som blir forvalta av kommunane og Statsforvaltaren og gjev tilskot til bevaring av kulturlandskap. Det er førebels tre utvalde kulturlandskap i Rogaland, Hodne- Helland-Bø i Stavanger (Rennesøy) og Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv i Suldal og Utsira. 

Regionalt miljøtilskot (RMP) er statlege midlar som er øyremerkte til bestemte typar kulturlandskap og kulturminne, mellom anna til skjøtsel av gravfelt. Ordninga blir forvalta av Statsforvaltaren. 

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er ei statleg ordning der ein mellom anna kan få støtte til istandsetting av kulturminne på landbruksområde. SMIL blir forvalta av kommunane. 

Tilskot til tiltak for trua naturtypar blir forvalta av Statsforvaltaren. Ein kan få støtte til bevaring av utvalde naturtypar som til dømes kystlynghei og slåttemark. 

Kommunal støtte til restaurering av bygg er oppretta i 5 av 22 kommunar i Rogaland. Dette er øyremerkte tilskotsordningar til eigarar av kulturminne. 

Regionalplan for kulturmiljø vil ligga til grunn for prioritering av tilskot i dei regionale ordningane.   

For å styrka eigarar sine moglegheiter for utbetring/vedlikehald, er det viktig at forvaltninga samordnar og samarbeider om tilskotsordningar, rådgjeving, informasjon og prioriteringar 

I oppfølginga av denne planen skal informasjon om alle desse tilskotsordningane samlast og gjerast betre kjente og tilgjengelege for moglege mottakarar i heile fylket. Fleire gode søknadar frå eigarar av kulturminne i Rogaland vil kunne føre til at fleire får tilskot og at fleire av kulturminna våre blir sette i stand. 

Grunneigarar av arkeologiske kulturminne  

Dei som har arkeologiske kulturminne på sin eigedom, speler ei avgjerande rolle i skjøtsel og forvaltning av den eldste kulturarven vår. Grunneigarane er ei samansett gruppe av alt frå hytteeigarar til bønder, kommunar, museum og eigarar av store industriområde. Dei har ulike interesser, og det kan oppstå både motsetningar og positive effektar i spennet mellom dagleg drift og næringsutvikling på den eine sida, og bevaring av arkeologiske kulturminne på den andre.   

Mange arkeologiske kulturminne er vanskelege å sjå utan å vite kva ein skal sjå etter, og somme av dei kan vere skjulte under bakken. Når automatisk freda kulturminne blir skada eller skjemma, er det ofte på grunn av manglande kunnskap om kulturminne, lover og regelverk. Grunneigarar, tiltakshavarar og publikum treng god og eintydig informasjon gjennom sakshandsaming, rådgjeving, databasar og nettsider.

Bilde frå museumsgarden Hustveit i Sauda kor graset blir slått etter tradisjonelle skjøttemetodar - Klikk for stort bildeSlåttemark er ein truga naturtype som treng tradisjonell skjøtsel. Frå Hustveit i Sauda kommune

Rådgjeving og informasjon  

Eigarar, forvaltarar, tiltakshavarar og andre kan ha behov for råd om korleis dei best kan ta vare på kulturminne og planlegge og gjennomføre tiltak på ein god måte. Dei treng informasjon om lovverk, arkitektur, restaurering, vedlikehald, byggeskikk, historie, arkeologi eller forvaltning. 

For nokre tema som lovverk, arkeologi, planlegging eller andre kulturminnefaglege spørsmål, har offentleg forvaltning god kompetanse, og det er naturleg at kommunar og fylkeskommunar gjev råd. Kommunane er særleg viktige då det er til dei ein først går til når ein skal planlegge eit nytt tiltak. Men kommunane kan også sjølve trenge rådgjeving frå fylkeskommunen. 

For andre tema, særleg bygningsvern, ligg kompetansen hos andre aktørar, til dømes musea eller handverkarar  

Asplan Viak har på oppdrag frå Rogaland fylkeskommune gjennomført ei utgreiing av rådgjevingstenester for bygningsvern. Utgreiinga tilrår etablering av eit eller fleire lågterskeltilbod med bygningsvernrådgjevarar som gjev eigarar og brukarar konkret bygningsfagleg kunnskap, og som kan arrangere kurs og samlingar i sine distrikt.    

Slike tilbod er etablert i mange andre fylke. Til dømes har Agder og dei tidlegare fylka Oppland, Hordaland, Akershus og Buskerud bygningsvernrådgjevarar - eller sentra - i sine fylke. Det er gjort mange gode erfaringar, og ein kan mellom anna sjå ein auke i samla mengd av tilskot til bygningsvern i dei fylka kor det er rådgjevingstenester.    

Utgreiinga har eit klart råd om at ei rådgjevingsteneste for bygningsvern bør vere knytt til regionmusea. 

Oppsummering:  

Me skal  

  • ha treffsikre nasjonale, regionale og kommunale støtteordningar til bevaring av kulturmiljø og gjere dei meir kjende for målgruppene 
  • gje eigarar og forvaltarar tilgang til gode rådgjevingstenester, informasjon og kursing innanfor arkeologi, bygningsvern, fartøyvern og kulturmiljøvern 
  • bidra til å sikre gode rådgjevingstenester innan bygningsvern for eigarar i heile fylket. 
Arkeologisk undersøking på Avaldsnes. Foto - Klikk for stort bildeArkeologisk undersøking i Storhaug på Avaldsnes på Karmøy Arkeologisk museum, UiS

6.1.3 Strategi 1C – tradisjonar og tradisjonshandverk

Stimulere til at tradisjonar og tradisjonshandverk blir haldne levande. 

Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som vert overført mellom folk. 

Kunnskapen vert praktisert i dag og ført vidare gjennom kreative uttrykksmåtar, som handverk, musikk, dans, mattradisjonar, ritual, språklege uttrykk og munnlege forteljingar. 

Det er mykje immateriell kulturarv bevart i Rogaland. Frivillige, museum og næringsliv vidarefører historie og tradisjonar. 

Båtbyggarar, tømrarar, bønder og andre tradisjonsberarar har avgjerande kunnskap for å bevare kulturmiljø. Tradisjonshandverket blir ivaretatt og ført vidare av tradisjonsberarar. Kunnskapen blir ofte overført munnleg og praktisk frå handverkar til handverkar. 

Historisk dokumentasjon av tradisjonane er også ein viktig føresetnad for vidareføring av tradisjonane. Samspelet mellom historisk dokumentasjon og vidareføring av tradisjonane må styrkast. 

Bilde frå utstillinga «frå Hulda til hijab» på Stavanger museum.  Foto - Klikk for stort bildeBunad og folkedrakt er ein viktig del av vår immaterielle og materielle kulturarv. Her frå utstillinga «frå Hulda til hijab» på Stavanger museum. Anne Lise Norheim MUST

Noreg har slutta seg til UNESCO sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven frå 2003. Konvensjonen har som føremål å auke respekten for, og kunnskap, om immateriell kulturarv, og støttar arbeidet landa gjer for å vidareføre kunnskap og levende tradisjonar til komande generasjonar. I Noreg er Kulturdepartementet fagorgan for feltet og Kulturrådet har ansvar for å implementere konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven. 

Bevaring av immateriell kulturarv er eit ansvar alle aktørar skal bere. Sjølv om denne planen i første rekke er retta mot den materielle kulturarven og forvaltninga av denne, er det viktig å understreke at den immaterielle kulturen også er ein viktig del av kulturarven som må takast vare på. Samanhengen mellom dei materielle kulturmiljøa/kulturminna og den immaterielle kulturarven vil vere særleg relevant her. 

Tradisjonshandverk

Gamle bygg og fartøy er laga på andre måtar, med andre verktøy, metodar, materiale eller skikkar enn det som er vanleg i dag. For verna bygg og fartøy skal ein helst bruka dei tradisjonelle handverksteknikkane og materiala ved vedlikehald og restaurering. Eit kulturminne mister verdi som kulturminne om ein ikkje er tru mot opphavleg material- og metodeval når ein pussar opp eller rehabiliterer. Det er nemleg ikkje berre sjølve objektet som er kulturminnet, men også måten objektet vart til på og kva slags materialar det originalt vart laga av. Difor er det viktig å bevare tradisjonshandverket i Rogaland.   

Tradisjonshandverket blir ofte knytt til bygnings-og fartøyvern, men for å ivareta kulturmiljø trengs det også kunnskap om tradisjonell skogs-og jordbruksdrift, skjøtsel av gamle veganlegg og annan tradisjonskunnskap. 

I Rogaland finst det mange dyktige handverkarar med kompetanse på antikvariske teknikkar, både innanfor ordinære handverksyrke som tømrarar, men også innanfor smalare handverksyrke. Den største utfordringa er at det samla sett er altfor få handverkarar med slik kompetanse. I einskilde område er det lang ventetid på å få arbeid utført, og dette merkast særleg godt for eigarar og tilskotsmottakarar. 

For fartøyvernet ligg mykje kunnskap hos dei tre nasjonale fartøyvernsentera, hos dei frivillige og hos verft og båtbyggjeri. Det er fleire ulike verft og båtbyggjeri i Rogaland som har kompetansen til å restaurere eldre fartøy i tre og stål, men det er likevel slik at det er ventetid for å få komme på slipp. 

Dei viktigaste offentlege aktørane som dokumenterer og tar vare på tradisjonshandverket, er musea og fartøyvernsentra. 

Utdanning  

Det finst ingen utdanningar i tradisjonshandverka i Rogaland i dag. Handverkarutdanning på vidaregåande skule gjev vanlegvis liten innsikt i tradisjonshandverk og eldre tiders byggeskikk og stilhistorie. Dette heng saman med læreplanen for dei ulike utdanningane, der dette ikkje er vektlagt. Gjennom val av lærlingplass og andre tilpassingar av utdanninga kan ein likevel opparbeide slik kompetanse.    

Det finst høve for vidareutdanning i andre delar av landet. Både på fagskulen i Vestland og Innlandet er det eige fagskulestudium i tradisjonshandverk, og NTNU tilbyr bachelorprogram i tradisjonelt bygghandverk.  

Det verdsberømte Osebergskipet - Klikk for stort bildeEit av dei "raudlista" fagområda er trebåtbyggarfaget. Den fellesnordiske klinkbyggingstradisjonen vart nett ført opp på UNESCOS liste over immateriell verdsarv. Rogaland har ei særmerkt stilling i historia om skipsutvikling og eit spesielt ansvar for å halda dette handverket levande. Me er heimfylket til dei aller fyrste seglskipa, mellom dei det verdsberømte Osebergskipet.

Kursing og nettverk  

Kursing er også svært viktig for å spreie kunnskapen vidare, men gjev ikkje same formalkompetansen som utdanning. Det finst fleire aktørar i Rogaland som arrangerer kurs i restaurering og tradisjonshandverk. Både musea, Engøyholmen kystkultursenter, handverkarorganisasjonar, Fortidsminneforeininga og ulike kommunar har dei siste åra arrangert kurs i både restaurering av vindauge, fargeundersøkingar, tekking av tak, fartøyvern og anna. Fylkeskommunen skal halde fram med å vere initiativtakar, samarbeidspartnar og bidragsytar til slike kurs.    

Nettverk og andre formelle og uformelle møteplassar er gode arenaer for å utveksle kunnskap og erfaringar. Musea, forvaltninga og handverkarar har fleire ulike nettverk i Rogaland, til dømes «Håndkraft – forum for tradisjonshåndverk» på Haugalandet. Det offentlege skal bidra som tilretteleggjar for meir samarbeid mellom dei ulike aktørane.   

Stipend  

Fylkeskommunen har oppretta eit utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar som vart lyst ut for fyrste gong våren 2022. I tillegg til å bidra til at tradisjonelle handverkstradisjonar blir ivaretekne og vidareførte, er det ei målsetting at stipendet skal bidra til å auke status, interesse og rekruttering til denne typen yrke. 

Oppsummering:  

Me skal

  • legge til rette for bevaring, vidareføring og dokumentasjon av immateriell kulturarv 
  • legge til rette for at handverkarar kan lære seg tradisjonshandverk gjennom kursing, stipend og utdanning 
  • legge til rette for samarbeid og møteplassar mellom offentleg forvaltning, museum, frivillige organisasjonar, stiftingar, bedrifter og vidaregåande skular om bevaring av tradisjonshandverk.

6.1.4 Strategi 1D – klimaendringane

Verne kulturmiljø mot effektane av klimaendringane og bidra til at kulturminne blir brukte i klimainnsatsen   

Klimaendringane fører til at kulturminne og kulturmiljø forsvinn eller blir øydelagde i eit aukande tempo. For å bremse klimaendringane må heile samfunnet redusere energibruk og klimagassutslepp, og kulturminne kan vera ein ressurs for å redusere utslepp. 

For å beskytte kulturmiljø mot effektane av klimaendringane, trengst det kunnskap om risiko og sårbarheit. Kulturmiljø bør vere del av klimarisikoanalysar på lokalt nivå. Ein risikoanalyse gjev kunnskap om kvar det er størst risiko for skade og tap, og kva avbøtande og risikoreduserande tiltak som er mest aktuelle. Når mange kulturminne er truga, er det eit sterkare behov for å prioritere kva kulturminne det er viktigast å ta vare på, og sette inn målretta tiltak. 

Rehabilitering og oppgradering av bygningsmasse er viktige bidrag for å redusere unødig energibruk og klimagassutslepp. Mange eigarar ynskjer å gjennomføre energieffektiviserande tiltak, for eksempel ved å installere varmepumper, energibrønnar eller solcellepanel.    

Slike klimatiltak er nødvendige på mange bygg om me skal stoppe klimaendringane, men det kan krevje store fysiske og visuelle inngrep i viktige kulturhistoriske bygg og miljø. Tekniske installasjonar kan vere i konflikt med vern, og det vil vere av stor betydning at ein ser slike tiltak samla for kvart område, slik at det er føreseielege rammer for eigarar og heilskaplege estetiske uttrykk. Slike vurderingar bør gjerast gjennom større prosessar som kommuneplanar, kommunedelplanar, og reguleringsplanar - ikkje frå sak til sak. Då er det viktig å vurdere tolegrenser, estetikk, størrelse og plassering av installasjonar. Her bør det også utarbeidast gode rettleiarar og retningslinjer på nasjonalt nivå. 

Bevaring av bygg er ein viktig del av den framtidige sirkulærøkonomien, og restaurering og gjenbruk gjev i mange tilfelle klimagevinst samanlikna med å rive og bygge nytt. Gjenbruk av bygg bidreg til å bevare kulturminne for framtida.  

Oppsummering  

Me skal

  • styrke kunnskapsgrunnlaget om kva slags effekt klimaendringane har på viktige kulturminne og kulturmiljø i Rogaland 
  • utføre naudsynte klimatilpassingar på sårbare kulturmiljø og kulturminne 
  • legge til rette for gjenbruk, vidare bruk og klimatiltak på eldre bygg gjennom rettleiing og informasjon.

6.2 Mål 2: Kunnskap

I Rogaland har me god kunnskap om kulturmiljøa våre og korleis dei bidreg til å gje eigenart og identitet til stader og folk. 

6.2.1 Strategi 2A – kulturmiljø i kommunane

Styrke arbeidet med kulturmiljøforvaltning i kommunane 

Kommunane har eit sjølvstendig ansvar i kulturmiljøforvaltninga, og kommunen er samstundes i dei fleste saker den fyrste instansen ein møter når ein skal søke om tiltak på eller ved kulturminne. Kommunen har eit stort lokalt handlingsrom innan samfunnsutvikling og arealforvaltning og treng god kunnskap og medvit om forvaltning, bruk og bevaring av eigne kulturmiljøressursar.  

Fylkeskommunen har sidan 2013/2014 styrka si satsing retta mot kommunane, både gjennom oppfølging av den nasjonale satsinga til Riksantikvaren, som KIK-prosjektet, og som prioritert tiltak i handlingsprogrammet for Regional kulturplan (2015-2025).  

Fylkeskommunen og Riksantikvaren har  

  • arrangert årlege seminar og møteplassar for kommunalt tilsette 
  • gitt økonomisk støtte til kulturminneplanar eller kompetansebygging 
  • bidrege med råd og rettleiing 
Træe på Line i Time kommune. Foto - Klikk for stort bildeTræe på Line i Time kommune. Elisabeth Tønnessen

Kommunal, regional og statleg innsats har ført til at  

  • 24 av 26 kommunar har per 2022 vedteke ein kulturminneplan 
  • kulturmiljø er sette på den lokalpolitiske dagsordenen 
  • kommunane aukar lokalt engasjement gjennom å legge til rette for bruk, oppleving og bevaring av kulturmiljø 
  • kommunane har oversikter over eigne verneverdige kulturminne. 

Kulturminneplanar, handlingsprogram og kunnskap i kommunane må haldast ved like og oppdaterast. Det er difor viktig å halde fram med å støtte kommunane i deira innsats for å registrere, bruke, bevare og skape begeistring for kulturminne og kulturmiljø. Større kommunar har gjerne eigen byantikvar/ kommuneantikvar, og fleire kommunar uttrykker behov og ynskje om ei slik stilling i eigen kommune. Eventuelt som eit samarbeid mellom fleire kommunar som den tidlegare regionantikvarstillinga i Dalane. Slike tilbod er eit svært verdifullt tilskot for ivaretaking av kulturminne både på lokalt og regionalt nivå. Finansiering av slike stillingar er eit kommunalt ansvar.   

Det er stor variasjon i kunnskap og kompetanse om kulturmiljø i dei ulike kommunane i Rogaland, og det er stor variasjon i ressursar i den kommunale kulturmiljøforvaltninga. 

Oppsummering  

Me skal  

  • legge til rette for kurs og seminar og møteplassar mellom fylkeskommunen, kommunar og andre aktørar 
  • sette kulturmiljø på den kommunale dagsorden, og legge til rette for lokal bevaring og bruk av kulturmiljø.

6.2.2 Strategi 2B – formidling

Formidle kunnskap om kulturmiljø og historie breiare, meir engasjerande og meir effektivt 

God formidling bidreg til at befolkninga blir medvitne om kva verdiar kulturminna i deira lokalmiljø representerer. Auka kunnskap gjev betre forståing av både fortida og vår eiga tid. Større aksept for kulturarven sin plass og verdi i samfunnet kan bidra til god arealforvaltning og effektiv sakshandsaming i plan- og byggesaksprosessar og legge grunnlag for næringsutvikling med utgangspunkt i kulturminne. 

Å ha tilgang til kunnskap og dokumentasjon om eiga historie er ein grunnleggande demokratisk verdi for både einskildindivid og grupper i samfunnet. Derfor trengst det sterke fagmiljø innan arkiv, museum og andre institusjonar og grupper som tek vare på den immaterielle og materielle kulturarven, og gjer denne tilgjengeleg. 

Breiare, meir engasjerande og meir effektiv formidling inneber ei større satsing på formidling enn i dag. Mange aktørar gjer ein svært god jobb med å formidle kulturmiljø, men regionalplanen sitt mål inneber å strekke seg mot å bli enda betre. Breiare i tema, måtar og stader å formidle, formidling som bidreg til engasjement, og at vi bør sjå korleis formidlinga kan bli meir effektiv, særleg gjennom samarbeid og samhandling. Samtidig skal formidling av kulturmiljø i Rogaland vere av høg kvalitet. 

Formidlinga kan utførast av mange ulike aktørar, på mange forskjellige måtar og arenaer, og i fleire ulike format. I dag er det særleg museum, frivillige organisasjonar og næringslivet som formidlar kulturarv og kulturmiljø i Rogaland. Fylkeskommunen si formidling skjer særleg gjennom skilting og skjøtsel av arkeologiske kulturminne, som tema i den kulturelle skulesekken (DKS) og gjennom opplæring i vidaregåande skule. Kommunane og fylkeskommunen er viktige som utviklingsaktørar og kan koordinere og legge til rette for formidling hos andre aktørar. Det er særleg viktig å styrka formidlinga mot barn og unge. Bruk av digitale verkemiddel kan vera ein framgangsmåte, samt at me vil utforske ulike måtar å formidle kulturmiljøa der dei ligg og ute i landskapet – og skape eit lokalt engasjement for kulturmiljø i tidleg alder. Kulturarven sin eigenart kan gjerne nyttast for å skape ei motvekt til dei unge sine digitale kvardagsvaner. 

Fylkeskommunen vil styrke rolla si som utviklingsaktør innan formidling. 

Skilt som formidler kulturhistorie. Foto - Klikk for stort bildeI Leiranger i Tysvær ligg tufta etter eitt av dei største nausta me kjenner til i Rogaland. Naustet har truleg vore ein del av leidangen, det norske kystforsvaret i mellomalderen. Rogaland fylkeskommune

Skilting og skjøtsel av arkeologiske kulturminne  

Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for skilting og skjøtsel av automatisk freda kulturminne. Skilting av nyare tids kulturminne er det i større grad kommunar eller organisasjonar som gjer.   

Erfaring tilseier at skilta bidreg til å gjera kulturminna kjent og tilgjengelege samstundes som dei skaper turglede. Framover skal fylkeskommunen vurdere ansvarsfordeling mellom fylke og kommunar, samt arbeide strategisk med samarbeid og finansiering. Det er viktig at kommunane tar større ansvar for skilt enn i dag. 

Mange kulturmiljø ligg langt frå veg og sti, og er ikkje fysisk tilgjengelege for alle. I tillegg er eksisterande formidling ikkje tilpassa brukargrupper med ulike behov for tilrettelegging. Ved å betre den fysiske tilgangen til kulturminne og kulturmiljø, og utvikle skilt og andre informasjonskanalar, med eit mål om auka tilgjenget, kan me femne om ei enda breiare målgruppe. Fylkeskommunen vil arbeide for at ein større del av kulturminne/miljø skal bli tilrettelagte for fleire, og skal sette i gong ei kartlegging av kvar det er mest hensiktsmessig å auke innsatsen for å oppnå betre kunnskapsformidling og fysisk tilgjengelegheit for brukarar med behov for tilpassing. I samråd med kommunar og andre involverte aktørar, vil ei slik kartlegging ligge til grunn for kva kulturminne/miljø me skal prioritere for universell tilrettelegging. 

Fylkeskommunen sin innsats er inntil vidare særleg knytt til oppfølging av Riksantikvarens bevaringsprogram og støtteordningar for formidling av arkeologiske kulturminne og bergkunst (BARK og BERG). Dei nye bevaringsstrategiane til Riksantikvaren kan føre til endringar for bevaringsprogramma, men desse blir vidareførte fram til nye strategiar er klare.

Jubileum og festivalar 

Feiring og markering av historiske hendingar kan skape stor merksemd og engasjement omkring kulturarv og kulturminne og løfte historieformidlinga ut til nye målgrupper. Til dømes fekk svært mange rogalendingar vikingtida løfta fram i medvitet i samband med feiringa av Rikssamlingsjubileet Hafrsfjord – Nordvegen 2022. Dette bør inspirere til satsing på kommande jubileum. Rogaland fylkeskommune skal bidra til utvandrarjubileet i 2025 og jubileet Stavanger 2025. 

Festivalar og arrangement som formidlar kulturarv eller brukar kulturminne og kulturmiljø som viktige element, kan også bidra til auka merksemd og engasjement. Mediereportasjar om slike arrangement bidreg til svært effektiv og brei formidling. 

Bilde frå ei omvisning på arkeologiske utgravingar i Sandnes - Klikk for stort bildeOmvising på utgravingane på Landa i Sandnes kommune. Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger

Digital formidling  

Rogaland fylkeskommune og Arkeologisk museum (UIS) gjennomførte eit forprosjekt rundt digital formidling av bergkunst i 2021- 2022. Digital formidling kan beskytte sårbare kulturminne fordi det er eit inngrepsfritt alternativ til fysisk formidling. Gjennom forprosjektet er det skissert ei løysing for digital formidling med kombinasjon av artiklar, 360-graders foto, video og bilete som kan brukast fleire stader. 

Det finst mykje digital formidling av kulturminne på fleire ulike nettsider og plattformar. Fylkeskommunen formidlar kulturminne digitalt gjennom sosiale media, men mesteparten av den digitale formidlinga er det organisasjonar og museum som står for. 

Digital kulturarvportal  

Det er svært mykje kunnskap om historie og kulturmiljø i bøker, tidsskrift, arkiv og på ulike nettsider. Denne kunnskapen er viktig for kulturmiljøforvaltninga og interessant for publikum. Mykje informasjon er offentleg tilgjengeleg gjennom nettsider, arkiv eller bibliotek, medan anna er vanskeleg å få tak i. 

Som del av handlingsprogrammet er det forslag til eit tiltak der fylkeskommunen skal vurdere om det skal opprettast ein felles nettportal for å samle informasjon om kulturminne. Tidlegare Buskerud fylkeskommune har laga ein slik digital kulturarvportal, og ei tilsvarande løysing kan etablerast i Rogaland, men det vil fyrst krevje ytterlegare utgreiing og vurdering av kostnader og omfang. 

Oppsummering  

Me skal

  • bidra til at kulturmiljø i større grad kan bli formidla gjennom skulen, friluftsliv, ulike arrangement og av ulike aktørar 
  • legge til rette for fysisk skilting og digital formidling av kulturminne i landskap og kulturmiljø 
  • bidra til at meir formidling skal vere tilgjengeleg for flest mogleg 
  • gjere kunnskap og informasjon om kulturarv og kulturmiljø tilgjengeleg for publikum gjennom gode digitale tenester 
  • samarbeide med friluftsråd og frivillige organisasjonar om å informere om kulturminne som turmål, både i tettbygde strøk, langs kysten, i kulturlandskapet og i hei- og fjellområde.

6.2.3 Strategi 2C – kunnskapsgrunnlaget

Oppdatere og utvide kunnskapsgrunnlaget om kulturminne, kulturmiljø og landskap  

Det er mange kjende kulturminne, kulturmiljø og landskap i Rogaland som er registrert gjennom ulike prosjekt for kunnskapsinnhenting, kulturminneplanar, i Askeladden og andre databasar. 

Registrerte kulturminne utgjer kunnskapsgrunnlaget som kommunal, regional og statleg kulturmiljøforvaltning brukar i det daglege, og det har vore sentralt for utvalet av kulturmiljø av regional interesse. 

Arkeolog viser noen funn ved en utgraving. Foto - Klikk for stort bildeGjennom arkeologiske undersøkingar blir det kvart år avdekka nye spor frå førhistorisk tid i Rogaland. Rogaland fylkeskommune

For nokre typar kulturminne, kulturmiljø og fartøy er det behov for eit betre og breiare kunnskapsgrunnlag. Stølar og anna bruk av utmarka er til dømes i varierande grad registrerte, og foreløpig er ingen stølsmiljø markerte i den regionale oversikta. Sjø og vassdrag er i lite omfang systematisk registrert, og automatisk freda kulturminne i sjø og vassdrag samt skipsfunn er i liten grad kartlagt og kjent. 

For kommunane er det fyrst og fremst prosessane knytt til kulturminneplanane som gjev høve til kunnskapsinnhenting. På statleg nivå har Riksantikvaren eit eige register over miljø og landskap med nasjonal interesse, og Askeladden gir oversikt over nasjonalt viktige kulturminne. Riksantikvarens nye bevaringsstrategiar kan bidra til nasjonal kunnskapsinnhenting. 

Digitalisering  

Ein del av informasjonen i dei offentlege registera over kulturminne, som til dømes Askeladden og SEFRAK, er fleire tiår gamle og vanskelege å forstå utan fagleg bakgrunn eller opplæring. Digitalisering, forbetring og fornying av eldre informasjon er eit kontinuerleg arbeid og eit ansvar for forvaltninga på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå. 

Museumsgarden Litunet i Hylsfjorden. Foto - Klikk for stort bildeLitunet i Hylsfjorden er ein museumsgard med bygningar frå 17-og 1800-talet, men byggemåten peiker mykje lenger tilbake i historia. Ryfylkemuseet

Kunnskap om tilstand og status  

Mange kulturminne gror igjen eller står til forfalls, og kvart år blir fleire av dei rivne eller fjerna. Ifølge eit nasjonalt miljøovervakingsprogram har til dømes 28 prosent av bygg frå før 1900 gått tapt sidan 1975. Samstundes forsvinn det kvart år ei mengd eldre kulturminne som gravhaugar og tufter på grunn av jordbruk og bygge- og anleggsarbeid. 

Det er behov for ein gjennomgang av status og tilstand for kulturminne og kulturmiljø i Rogaland for å styrke kunnskapsgrunnlaget for framtidig bevaring og utvikling. I oppfølginga av planen vil det bli vurdert korleis dette kan gjennomførast og kva omfang som er hensiktsmessig og tilstrekkeleg.   

Framtidig kunnskapsinnhenting  

I samband med årleg rullering av handlingsprogrammet vil ein velje ut nye tiltak for innhenting av kunnskap. Det er naturleg å sjå denne kunnskapsinnhentinga saman med etablerte prosjekt på regionalt og nasjonalt plan. Formidling av den nye kunnskapen er ei naturleg forlenging av tiltaka.  

Oversikta over kulturmiljø av regional interesse er ikkje ferdigstilt, og oppdatering og revidering er prioriterte tiltak i handlingsprogrammet. 

I første rekke vil det vera behov for å fullføre vurderinga av kva kulturmiljø i Sandnes kommune som skal med i tillegg til vurdering og oppdatering på bakgrunn av innspel til nye kulturmiljø som kom i samband med høyringa. Revidering av kulturmiljø av regional interesse vil bli lagt fram for fylkesutvalet og bli sendt på høyring til dei kommunane som vert omfatta av endring. Tekstlege endringar av skildringar av kulturmiljøverdiar og vurderingar knytt til kulturmiljø som allereie er ein del av oversikta, vil bli gjort administrativt. 

For å lykkast med denne kunnskapsinnhentinga er godt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane, musea, frivillige organisasjonar og statlege aktørar naudsynt. Dette kjem i tillegg til den faste kunnskapsinnhentinga som kommunane gjer, samt det som blir registrert gjennom reguleringsprosessar, arkeologiske registreringar og regionale og nasjonale prosjekt. 

Korleis skal kunnskap bli gjort tilgjengeleg?  

All ny kunnskap skal vera tilgjengeleg digitalt gjennom karttenester eller nettsider. 

Temakart-Rogaland er karttenesta til Rogaland fylkeskommune, der publikum har tilgang på informasjon frå Askeladden, SEFRAK, matrikkelen og mange andre nettressursar. Fylkeskommunen skal vidareutvikle og tilpasse Temakart slik at kulturminneinformasjonen blir enklare å forstå, oppdatert og tilgjengeleg for publikum.   

Mange kommunar, museum og organisasjonar har også eigne digitale karttenester, som kan vere gode forvaltningsverktøy. Kommunale, nasjonale og fylkeskommunale karttenester skal samsvare, og informasjon må vere lett tilgjengeleg for både publikum og forvaltning. Universell utforming og brukarvenlegheit av digitale tenester er viktig.    

Informasjon om kulturminne og kulturmiljø skal presenterast brukarvennleg med tekniske kart, ryddige system og presise skildringar. Gode digitale løysingar og informasjon som brukarar enkelt kan finna fram til på eiga hand, vil frigjere tid hos rådgjevarar til å prioritere sakene der det er størst behov for rådgjeving og hjelp.    

Oppsummering  

Me skal

  • oppdatere og supplere oversikta over vesentlege regionale kulturmiljøinteresser 
  • utvide kunnskapsgrunnlaget om kulturmiljø i Rogaland gjennom samarbeid, kartlegging og digitalisering 
  • gjere god og oppdatert informasjon om kulturmiljø tilgjengeleg gjennom gode, brukarvenlege digitale løysingar.

6.3 Mål 3: Bruk og engasjement

I Rogaland kan alle engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø. Me nyttar kulturarv og kulturmiljø til å skape trivsel, tilhøyrsle og unike opplevingar. 

6.3.1 Strategi 3A – stadutvikling og engasjement

Bruke kulturmiljø som ressurs for å skape lokalt engasjement og levande og attraktive stader 

Kulturmiljøvernet er kjenneteikna av eit stort engasjement i by og bygd i Rogaland. Einskildpersonar, frivillige lag, næringsaktørar og lokalsamfunn tar vare på, formidlar, undersøker og bruker kulturmiljø på ulike vis. Historia er grunnlaget for samfunnet vi har i dag, og kulturmiljøa i by og bygd viser utviklinga og gjev stadene særpreg. 

Kulturarven, som til dømes tradisjonelle praksisar og uttrykksmåtar, bidreg til både kulturell, sosial og økonomisk verdiskaping. Den tilbyr eit uttrykk for autentisitet og tilhøyrsle som gir oss verdiar både sosialt og økonomisk. Ved aktivt å ta i bruk materiell og immateriell kulturarv i verdiskapinga, styrker ein lokal økonomi, støtter sirkulær ressursutnytting og understøttar lokal identitet.   

Lokalt og regionalt engasjement for kulturarven  

Europarådet sin rammekonvensjon om kulturarven sin verdi for samfunnet, Faro-konvensjonen, anerkjenner at alle har rett til å ta del i den kulturarv som dei sjølv vel, samstundes som dei skal respektere rettane og fridomen til andre. Tilnærminga bygger opp om dei demokratiske verdiane i forvaltninga av kulturmiljø og bidreg til aktive og inkluderande lokalsamfunn. 

Frivillige registrerer og formidlar lokal kulturarv, driv skjøtsel og bidreg til kunnskapsauke og engasjement gjennom ulike typar arrangement og aktivitetar. Dei sit ofte på viktig kunnskap som bør sikrast og innlemmast i offentlege databasar. 

Engasjement kan bidra til å løfte fram verdiar som er viktige for lokalmiljøet og ha stor verdi i aktuelle plan- og byggesaker. 

Frivillig kulturvernarbeid og engasjement skaper nettverk og relasjonar, og er såleis med på å forebygge einsemd og utanforskap. Slik sett bidreg frivilligheita til å betre folkehelsa i Rogaland. 

For at det frivillige kulturvernet skal ha gode vekstvilkår, er dei avhengige av rekruttering. Mange organisasjonar er i vekst og har høgt aktivitetsnivå, men klarer ikkje alltid å nå breitt ut. Særskilt for mange kulturvernorganisasjonar er at dei har mange eldre, erfarne frivillige som sjølv er ei kjelde til kunnskap om kulturarven. 

Medverking er ein viktig del av alle planprosessar, og skal gje moglegheit for lokalsamfunna til å gje innspel og engasjere seg for bevaring og forvaltning av kulturmiljø, uansett om dei er freda etter kulturminnelova, verna etter plan-og bygningslova eller ikkje har eit formelt vern. 

Fylkeskommunen og kommunane si rolle mot det frivillige kulturvernet er særleg å vera tilretteleggjar, tilskotsgjevar og rådgjevar. Kommunane bør sørge for gode rammer for frivillig kulturvern gjennom gode lokale og fasilitetar. Fylkeskommunen kan legge til rette for samarbeid på regionalt plan. 

Klepp historielag reinser den stjerneforma gravrøysa på Sele. Foto - Klikk for stort bildeKlepp historielag reinser den stjerneforma gravrøysa på Sele, slik at den er meir synleg og tilgjengeleg for publikum. Rogaland fylkeskommune

Kulturmiljø og stadutvikling  

Alle stader i Rogaland har ei heilt eiga og særprega historie. Kulturminne og kulturarv er spor av denne historia. Det kan vera byområde, eldre næringsbygg, arkeologiske kulturminne eller immateriell kulturarv som namn, dialekt og lokal tradisjon. Bevaring og utvikling av god stadleg eigenart og lokale kulturmiljø er gode grep i stadutviklinga. 

Attraktive kulturmiljø kan spele ei rolle for kor folk ynskjer å bu og opphalde seg. Ein studie utarbeidd for Riksantikvaren i 2017 syner til dømes at det er høgare vilje til å betale for verna bygningar enn tilsvarande ikkje verna, og at det er meir attraktivt å busetje seg i historiske kulturmiljø enn i andre område. 

Utbygging og fortetting legg press på mange kulturmiljø, og dei samanhengande historiske miljøa sin eigenart vert ofte trua av dårleg tilpassa tiltak som kan øydelegge både lesbarheit og opplevingsverdiar. Samstundes er fortetting og utbygging av sentrale byområde naudsynt som klimatiltak. Det er eit viktig ansvar for forvaltninga å balansere ulike omsyn og finne gode løysingar for kvar stad. 

For å bevare kulturmiljøa som gode element, og skape ei utvikling som gjer kulturhistoriske stader gode å leve i, bruke og oppleve, er det viktig med kunnskapsbasert og stadtilpassa utvikling. God planlegging er viktig, med gode og oppdaterte arealplanar. Planlegginga bør skje med bakgrunn i stadanalysar. Det er fyrst med god lokal kunnskap ein kan finne ut kva løysingar som passar og bidreg til å skape varierte og særmerkte stader i Rogaland. 

Rogaland fylkeskommune har eit eige stadutviklingsprosjekt som legg til rette for samarbeid om stadutvikling og økonomisk støtte. Kulturmiljø er ein viktig del av dette prosjektet. 

Oppsummering  

Me skal

  • styrke samarbeidet med frivillige lag og organisasjonar innanfor kulturmiljøfeltet 
  • legge til rette for at frivillige – og andre engasjerte – kan ta vare på kulturminne, lage opplevingar, medverke i offentlege prosessar og på andre måtar ta del i kulturarven 
  • bidra til at immateriell og materiell kulturarv blir bevart og brukt som ein ressurs for lokalsamfunn 
  • ta i bruk stadanalyse som verktøy i utviklingsprosjekt slik at ein sikrar kunnskapsbasert og stadtilpassa utvikling 
  • legge til rette for bruk og gjenbruk av kulturminne og kulturmiljø i stadutvikling gjennom samarbeidsprosjekt, rettleiing, informasjon, gode planar og føringar. 

6.3.2 Strategi 3B – opplevingar og reiseliv

Fremje bruk av kulturarv og kulturmiljø i opplevings-og reiselivsnæringane 

Kulturelle opplevingar blir stadig viktigare for turistar, og tal frå Innovasjon Norge viser også at kulturturistar har eit høgare døgnforbruk enn andre turistar. 

«Reiseliv og oppleving» er eitt av fire tematiske satsingsområde i Nærings- og innovasjonsstrategi for Rogaland. Regionalplan for kulturmiljø bidreg til å følge opp dette satsingsområdet gjennom god forvaltning, tilrettelegging og samarbeid, slik at kulturmiljø i Rogaland i enda større grad kan bli brukte for å gje turistar gode opplevingar. 

Prosjekta «Kystpilegrimsleia» og «Kraftturisme – opplevingar i det vestnorske kraftlandskapet» er døme på to ulike og nyare inter-regionale satsingar som tar utgangspunkt i kulturhistorie og kulturminne. Begge er støtta av Riksantikvarens verdiskapingsprogram som vart etablert i 2006 og gjev moglegheiter for fylkeskommunar, organisasjonar og andre aktørar til å søke støtte til verdiskapingsprosjekt med basis i kulturmiljø. I oppfølging av planen er programmet ei mogleg finansieringskjelde til nye prosjekt. For interkommunale og interregionale prosjekt er det ofte forventningar, og gjerne og krav, om fylkeskommunal deltaking eller samfinansiering. 

Det er store moglegheiter for reiselivsutvikling med basis i kulturmiljø og i historie i Rogaland. Det kan til dømes vere eit potensial i vikingtidshistoria, kystkultur, gruveanlegg, pilegrimsvegar og andre historiske vandreruter. 

Hitlertennene ved Brusand i Hå kommune. Foto - Klikk for stort bildeHitlertennene ved Brusand i Hå kommune. Elisabeth Tønnessen

Den andre verdskrigen har sett djupe spor, særleg langs kysten. Krigshistorie er populært blant turistar, og mange av dei bevarte anlegga i Rogaland er lett tilgjengelege. Her er det mogleg å kople oppleving, formidling, kunnskapsbygging og reiseliv for eit felles løft. 

Ombruk av kulturmiljø kan både vere ein ressurs for reiselivet, gje grunnlag for opplevingar i nærområdet og resultere i at kulturminne blir sette i betre stand og bevarte gjennom ny bruk. 

All reiselivsutvikling bør følga FN sine prinsipp for berekraft, som mellom anna inneber å respektere, vidareutvikle og framheve lokalsamfunnet sin kulturarv, minimere naturøydelegging og forureining og bevare og styrke livskvaliteten i lokalsamfunnet. Moderne masseturisme utfordrar desse prinsippa og må møtast med god kunnskapsbasert besøksforvaltning. Samstundes må fylkeskommunen og kommunane lage gode og føreseielege rammer for næringsutvikling, og sikre godt kunnskapsgrunnlag om kulturverdiar for å redusere potensialet for konfliktar. 

Oppsummering  

Me skal  

  • stimulere til at det blir utvikla fleire gode reiselivsprodukt der kulturarv og kulturmiljø vert nytta som ressurs 
  • legge til rette for møteplassar og samarbeid mellom ulike aktørar i reiseliv, museum og frivilligheit