Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035

9 Planprosess og medverking

I utarbeidinga av Regionalplan for kulturmiljø i Rogaland er det gjennomført medverkingsprosess i tråd med plan- og bygningslova. 

Roller og organisering 

Det er fylkestinget som vedtek planen, medan ansvaret for å sende plan og planprogram på høyring er delegert til fylkesutvalet. 

Fylkesdirektøren ved kultur- og næringsavdelinga har utarbeidd planen og gjennomført planprosessen. Arbeidet har blitt leia av ein prosjektleiar, saman med eit sekretariat med medlemmer frå kultur- og næringsavdelinga og plan-, miljø- og samfunnsavdelinga. 

Ei politisk styringsgruppe og ei administrativ prosjektgruppe vart oppretta ved planoppstart og har gjeve råd til planarbeidet gjennom heile prosessen. 

I styringsgruppa har det vore folkevalde representantar både frå fylkestinget og frå kommunane. I den administrative prosjektgruppa har det vore representantar frå kommunane, musea, Statsforvaltaren og frivillige organisasjonar. 

Personer på befaring på eit gardsanlegg frå jernalderen i Bjerkreim kommune. - Klikk for stort bildeStyringsgruppa har besøkt kulturminne og aktørar i prosessen. Her med omvising på eit gardsanlegg frå jernalderen på Uadal saman med Bjerkreim kommune.

Møter og medverking 

I forkant av planprogrammet vart det gjennomført eit internt og to eksterne verkstader, i Haugesund og Stavanger, der kommunar, organisasjonar, museum, statlege aktørar og andre interesserte gav innspel til viktige plantema. Innspela frå verkstadene gav grunnlag for planprogrammet.   

Planprogrammet vart behandla to gonger i dei politiske utvala til Rogaland fylkeskommune: Ungdommens fylkesråd, eldrerådet, fylkesrådet for funksjonshemma, Regional- kultur- og næringsutvalet og fylkesutvalet. I møta har utvala gitt innspel til planprogrammet.   

Under høyring av planprogrammet våren 2021 vart det arrangert eit informasjonsmøte og fire høyringsmøte, eit for kvar region. På grunn av smittevernomsyn vart alle møta gjennomført digitalt. I tillegg vart det satt opp møter med fleire enkeltaktørar.   

Mottatte innspel gjekk blant anna på forslag til viktige kulturminne og kulturmiljø, ynskje om bygningsvernrådgjeving, universell utforming av kulturminne og formidling. Fylkeskommunen fekk 31 skriftlege høyringsinnspel. Planprogrammet vart revidert etter høyringa.   

Etter at planprogrammet vart vedtatt juni 2021, har fylkesdirektøren innhenta kunnskap innanfor ei rekke ulike tema.   

  • formidling av kulturmiljø  
  • kunnskap og kompetanse i kulturmiljøvernet  
  • kulturmiljø i berekraftig samfunnsutvikling  
  • regionale kulturmiljøinteresser i Rogaland, kulturmiljø av regional interesse og historie.  

For å innhenta kunnskap er det gjennomført fleire møter med enkeltaktørar, men det er ikkje gjennomført opne innspelsmøter i kunnskapsinnhentingsprosessen.   

Den største delen av kunnskapsinnhentinga har bestått i å registrera og undersøka kulturmiljø av regional interesse. Her har det blitt arrangert møter med kvar enkelt kommune for å presentera forslag til miljø og få innspel. Med dei større kommunane er det gjennomført fleire møter.   

Planforslaget er behandla i dei politiske utvala til Rogaland fylkeskommune: Ungdommens fylkesråd, eldrerådet, fylkesrådet for funksjonshemma, Regional- kultur- og næringsutvalet og fylkesutvalet.   

Når planutkastet er på høyring, kan alle som ynskjer det gje innspel.  

Mer informasjon om planprosess og medlemmer av styringsgruppe og prosjektgruppe

9.1 Prosess og medverking

Etter varsel om planoppstart vart det gjennomført eksterne verkstader, i Haugesund og Stavanger, der kommunar, organisasjonar, museum, statlege aktørar og andre interesserte gav innspel til plantema og planprogram. 

Planprogrammet vart behandla i dei politiske utvala til Rogaland fylkeskommune: Ungdommens fylkesråd, eldrerådet, fylkesrådet for funksjonshemma, Regional- kultur- og næringsutvalet og fylkesutvalet. I møta ga utvala ytterlegare innspel til planprogrammet. 

Under høyringa av planprogrammet våren 2021 vart det arrangert eit informasjonsmøte og fire høyringsmøte, eitt for kvar region. På grunn av smittevernomsyn vart alle møta gjennomførte digitalt. I tillegg vart det gjennomført møte med fleire einskilde aktørar. 

Fylkeskommunen mottok 31 skriftlege høyringsinnspel til planprogrammet, og revidert planprogram vart vedteke 21. juni 2021. 

I perioden etter vedteke planprogram innhenta fylkesdirektøren kunnskap innanfor ei rekke ulike tema. 

  • formidling av kulturmiljø 
  • kunnskap og kompetanse i kulturmiljøvernet 
  • kulturmiljø i berekraftig samfunnsutvikling 
  • regionale kulturmiljøinteresser i Rogaland, kulturmiljø av regional interesse og historie 

I arbeidet med å innhente kunnskap har det mellom anna vore dialog og møte med fleire aktørar, men det er ikkje gjennomført opne innspelsmøte i kunnskapsinnhentingsprosessen. Den administrative prosjektgruppa har også gjeve viktige innspel i dette arbeidet. 

Den største delen av kunnskapsinnhentinga har vore å registrere, undersøke og skildre kulturmiljø av regional interesse. Her har det blitt arrangert møte med kvar einskild kommune for å presentere forslag til miljø, kvalitetssikre utvalet og få innspel. Med dei større kommunane er det gjennomført fleire møte. 

Høyringsutkastet/planforslaget vart handsama i dei politiske utvala til Rogaland fylkeskommune: Ungdommens fylkesråd, eldrerådet, fylkesrådet for funksjonshemma, Regional- kultur- og næringsutvalet og fylkesutvalet. 

Planen var på høyring frå 7. desember 2022 til 15. februar 2023. Mange kommunar ba om utsett frist for å handsame høyringa politisk, og dei siste høyringsinnspela vart mottekne i slutten av mars månad. Det vart gjennomført fire høyringsmøte, eitt i kvar region, i tillegg til at planen blei presentert i ei rekke andre fora, mellom anna Ryfylkerådet, Dalanerådet og Haugalandsrådet. På høyringsmøta deltok totalt 79 eksterne deltakarar. 

Det kom inn 48 skriftlege høyringssvar. Regionalplanen er revidert etter høyringa. 

Frå Haugesund under Rikssamlingsjubileet i 2022.  Foto - Klikk for stort bildeFrå Haugesund under Rikssamlingsjubileet i 2022. Rogaland fylkeskommune