Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035

3 Planskildring

3.1 Bakgrunn

Arkeologar arbeider i sjakt på utgravingsfelt. Foto - Klikk for stort bildeArkeologar arbeider i sjakt på utgravingsfelt ved fylkesveg 44 i Eigersund kommune.

Menneske har alltid sett spor etter seg, og desse spora utgjer fellesskapet sin 

hukommelse om tidlegare generasjonars samfunn og levemåtar. Dei er miljømessige, sosiale og økonomiske ressursar som gjev grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.  

Spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet vårt, kallar me kulturminne. Det kan vera bygningar, vegar, steingardar, tufter, gravhaugar, hamner og lokalitetar som er knytt til historiske hendingar, tru eller tradisjon. I tillegg til faste kulturminne har vi lause, flytande og rullande kulturminne.   

Dei fysiske kulturminna er ein del av kulturarven vår, men omgrepet kulturarv omfattar også mattradisjonar, musikk, dans, kunst, litteratur, arkitektur, språk, handverk og andre immaterielle tradisjonar.  

Når kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng, bruker me omgrepet kulturmiljø. I samband med kulturmiljømeldinga (Meld. St. 16 (2019–2020)) vart kulturmiljø også innført som eit samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og landskap – til bruk når heile dette feltet blir omtalt samla. Kulturmiljøvern er å ta vare på desse spora av fortida, slik at me kan ha glede av dei no og i framtida. 

3.2 Roller og ansvar i kulturmiljøforvaltninga

Det er eit bredt spekter av aktørar som tek vare på og utviklar kulturmiljøa. Eigarar, grunneigarar og frivillige har ansvar for vedlikehald og skjøtsel. 

Musea har god kompetanse på mange kulturhistoriske fagområde og driv bevaring, forsking og formidling på ulike vis. Fleire av musea har også god kompetanse på fartøy- og bygningsvern, og er også læringsarena for tradisjonelt bygningshandverk. Dei frivillige kulturvernlaga i fylket bidreg til ei breiare forståing av lokalsamfunnet si historie og identitet gjennom bevaring og aktivitetar som skaper sosial berekraft. 

Haugesund folkebibliotek frå 1967. Foto - Klikk for stort bildeHaugesund folkebibliotek frå 1967

Arkeologisk museum UiS, Stavanger maritime museum (SMM) og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) gjev faglege råd til fylkeskommunen, gjennomfører utgravingar og driv forsking, samt formidling. 

I den offentlege forvaltninga har kvar sektor og kvart forvaltningsnivå ansvar for sine kulturmiljø. 

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for kulturmiljøforvaltninga og det øvrige miljøfeltet. Riksantikvaren er direktoratet, mens fylkeskommunane er regional kulturmiljømyndigheit, regional planmyndigheit og utviklingsaktør. 

Kommunane er plan- og byggesaksmyndigheit og ansvarlege for å legge til rette for bevaring og bruk av kulturminne. 

For Rogaland fylkeskommune er kulturmiljø eit viktig arbeidsområde. Fylkeskommunen er mellom anna: 

  • Samfunnsutviklar, til dømes gjennom regionalplanar, utviklingsprosjekt, tilskotsordningar eller formidling. 
  • Tenesteleverandør, til dømes gjennom rådgjeving om kulturminne, vidaregåande opplæring eller den kulturelle skulesekken. 
  • Kulturmiljømyndigheit, og forvaltar kulturmiljø gjennom kulturminnelova, plan-og bygningslova og naturmangfaldlova. 

I sum har fylkeskommunen ansvar for å forvalte regionale og nasjonale kulturmiljøinteresser i fleire ulike typar saker, og har høve til å fremje motsegn til planar - eller klage på vedtak - som er i strid med desse interessene. 

I samband med regionreforma har fylkeskommunen fått betydeleg fleire oppgåver frå Riksantikvaren, mellom anna forvaltningsansvar for automatisk freda kulturminne, kulturminne som er i statleg eige, tekniske/industrielle kulturminne og fartøyvern. 

3.3 Planprosessen

Oppstart av planarbeidet vart vedteke i fylkestinget 16. juni 2020, sak 60/20. Det vart då oppretta ei styringsgruppe med representantar frå fylkestinget og kommunane og ei administrativ prosjektgruppe med representantar frå kommunane, museum, frivillige organisasjonar og Statsforvaltaren i Rogaland. Gruppene har hatt jamlege møte og gjeve innspel til kunnskapsgrunnlag, mål, strategiar og tiltak. 

Planprogrammet var på høyring til kommunar, organisasjonar, museum og andre interessentar våren 2021 og vart fastsett i fylkesutvalet den 08.06.2021. 

Etter vedtak av planprogrammet har fylkesdirektøren gjennomført utgreiingsarbeid og kunnskapsinnhenting. Som del av dette arbeidet er det mellom anna gjennomført møte med alle kommunane i fylket. 

3.4 Planform og verkeområde

Regionalplan for kulturmiljø er ein regional plan etter plan og bygningslova §§8-1 -8-4. Ein regional plan skal leggast til grunn for fylkeskommunen si verksemd og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i Rogaland. 

Den regionale kulturmiljøplanen skal vera eit styringsdokument for både Rogaland fylkeskommune og kommunane i arbeidet med utvikling og forvaltning av kulturmiljø og kulturmiljøvern. 

Planperioden er sett til og med 2035. 

Båten MS Rogaland. Foto - Klikk for stort bildeMS Rogaland er eit freda fartøy. For å bruke og ta vare på båten treng me frivillig engasjement og handverkarar med god kompetanse, dei frivillige treng tilgang til økonomisk støtte, rådgjeving og informasjon frå fylkeskommunen og kommunane.

   

3.5 Målgruppe

Planen skal definere den regionale kulturmiljøpolitikken, og vere særskilt relevant for fylkeskommune og kommunar. Samstundes skal planen legge til rette for brei deltaking i kulturmiljøvernet, og vise korleis fylkeskommunen skal samarbeide med ulike aktørar om bevaring, utvikling og formidling av kulturarv og kulturmiljø i åra som kjem. 

På denne måten er heile Rogaland målgruppe for planen sine mål, strategiar og tiltak. 

Planen skal bidra til at   

  • Fylkeskommunen får eit styringsdokument for rolla som regional samfunnsutviklar på kulturmiljøfeltet. 
  • Kommunane får eit styringsdokument dei kan følgje opp i eigne planar, og som samstundes kan styrke og utfylle kommunalt kulturmiljøarbeid. 
  • Musea kan følge planen opp i eiga verksemd, og planen kan styrke musea sin innsats for bevaring og utvikling av kulturmiljø. 
  • Kommunar og andre aktørar får retningslinjer for korleis ein i framtida skal ta omsyn til regionale kulturmiljøinteresser i planarbeid. 
  • Staten, fylkeskommunen, kommunane og andre aktørar får eit godt kunnskapsgrunnlag og oversikt over kulturmiljø av regional interesse. 
  • Eigarar, frivillige lag og foreiningar, handverkarar, verft (som driv med fartøyvern) og andre får betre og enklare tilgang til rådgjeving og informasjon om kulturmiljø og økonomiske støtteordningar. 
Arkeologisk registrering av eit røysfelt frå jernalderen. Dronefoto - Klikk for stort bildeArkeologisk registrering av eit røysfelt frå jernalderen ved Vikeså i Bjerkreim kommune.

 

3.6 Kunnskapsgrunnlag

Kunnskapsgrunnlag er bakgrunnsinformasjonen som planen bygger på. Noko av det var kjent før planarbeidet starta, og noko er blitt danna undervegs i planarbeidet. Gjennom planarbeidet er det også avdekka område kor det manglar eller trengs betre kunnskap, og fleire tiltak for å styrke kunnskapsgrunnlaget inngår difor i handlingsprogrammet og oppfølginga av planen. 

Kunnskapsgrunnlaget består mellom anna av : 

  • nasjonale strategiar og utgreiingar 
  • kommunale kulturminneplanar 
  • statistikk, register og andre kunnskapskjelder 

I planprosessen har fylkeskommunen utarbeidd eigne kunnskapsgrunnlag innan følgande tema: 

  • formidling av kulturmiljø 
  • kunnskap og kompetanse i kulturmiljøvernet 
  • kulturmiljø i berekraftig samfunnsutvikling 
  • regionale kulturmiljøinteresser i Rogaland, kulturmiljø av regional interesse og historie 
Illustrasjonsbilde av kommunane sine kulturminneplanar - Klikk for stort bildeKommunane sine kulturminneplanar er ein vesentleg del av kunnskapsgrunnlaget for Regionalplan for kulturmiljø